Godkjent reguleringsplan - R176 Årdal brygge bustadfelt
I medhald av plan- og bygningslova § 12-2 har Hjelmeland kommunestyre i sakene 33/21, 66/21 og 09/21 godkjent R176 Detaljreguleringsplan for Årdal brygge bustadfelt
Planen gir rom for etablering av 16 nye bustader fordelt på einebustader og samanhengjande småhus + småbåthamn, naust, leikeareal og friområde ved sjøen. Planen omfattar òg ekisterande bustader/leiligheitsbygg, samt kommunal gjennomkøyringsveg.
Planvedtaket medfører at eldre reguleringsplan for området R113 Årdal brygge blir erstatta av denne nye planen.
Vedtatt plan for Årdal brygge bustadfelt:
- Plankart (PDF, 4 MB)
- Føresegner (PDF, 285 kB)
- Planskildring (PDF, 3 MB)
- Illustrasjonsplan (PDF, 2 MB)
- Kommunestyresak 33/21 (PDF, 685 kB)
- Kommunestyresak 66/21 (PDF, 2 MB)
- Kommunestyresak 09/22 (PDF, 862 kB)
Her kan du få saksoversikt og alle dokument i saken
Vedtaket kan i medhald av PBL §§ 1-9 og 12-12 og forvaltningslovens kap.VI klagast inn for Statsforvaltaren i Rogaland. Eventuell klage skal sendast skriftleg til Hjelmeland kommune, Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland eller postmottak@hjelmeland.kommune.no innan 13. juni 2022
Eventuelle krav om erstatning må setjast fram skriftleg for Hjelmeland kommune innan 3 år frå den offentlege kunngjeringa av vedtaket, jfr. PBL § 15-3
Plan og forvaltning.