Hagerømlingar - uønska gjester i naturen
Har du sett ein av desse?
- Parkslirekne
- Kjempespringfrø
- Mispelartane
Desse er nokre av mange planteslag som veks ute i naturen som anten er forvilla frå hagar eller dei er på annan måte komne med på lasset frå utlandet.
Mange av dei vil me helst bli kvitt eller i det minste hindra at dei spreier seg ennå meir. Dette fordi dei både kan trua det biologiske mangfaldet og gjera stor skade i landbruket.
Her krevst det felles innsats – og alle kan hjelpe til.
Dette kan du gjere
Vertsplante for Pærebrann
Mispelartane er vertsplante for den alvorlege plantesjukdommen Pærebrann. Det er særs viktig for fruktdyrkarane i området å unngå stor spreiing av denne sjukdommen. Difor er det viktig å hindre spreiing av desse plantene.
Parkslirekne og kjempespringfrø spreier seg fort og breier seg ut og skyggar ut dei plantene som er naturleg heimehøyrande i området.
Du kan finna meir informasjon om framandartane hjå Artsdatabanken
Publisert 13.07.2023 19.06
Sist endra 13.07.2023 19.07