Høyring - Akvakultursøknad - Kveite - Sigmundstadneset, FisterfjordenLytt til tekstenStopp avspillingSterling White Halibut AS søkjer om løyve jf akvakulturlova til etablering av nytt produksjonsanlegg for kveite utanfor Sigmundstad i Fisterfjorden.Anlegget vil gjelde produksjon av kveite med maksimal biomasse MTB på 3900 tonnOverflateanlegget vil bestå av 8 ringmerder fordelt på eit areal på ca 500 x 240 m. Forankringa går ned i fjorden utan landfeste. Ingen planlagde tiltak på land.Overflateanlegget er i tråd med kommuneplanens arealdel akvakulturområde A19 Sigmundstad, vedtatt 2019.Hjelmeland kommune v/ Areal-og forvaltningsutvalet har gitt dispensasjon til at nokre av ankringslinjene kan gå ut over avsett kombinert FFA-område (fiske, ferdsel og akvakulturområde), jf vedtak i sak 86/23. Avviket gjeld under sjøoverflata ned mot sjøbotn.SøknadsdokumentaHøyringsbrevAkvakultursøknadAnleggsplassering i kartportalAnleggsskisseKonsekvensutgreiing Marint naturmangfald og vannmiljø - MarinarkeologiskVisuell kartlegging naturmangfaldForundersøking DNVStraummålingar DNVKartTrafikk og påverknadUtsnitt kommuneplanens arealdel A19Frist for merknader 16. april 2025Merknader til søknaden rettast til -Hjelmeland kommune, Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland-postmottak@hjelmeland.kommune.no - eller via digitalt skjemaMerknader som kommunen mottar blir oversendt til Rogaland Fylkeskommune, Næringsavdelinga saman med kommunen si uttale etter plan-og bygningslova.Det er Rogaland fylkeskommune som er tildelsingsmyndigheit, jf forskrift for akvakultur og Akvakulturlova Sist endra 03.03.2025 10.27