Høyring av R179 Områdeplan for Hjelmeland sentrum

Areal-og forvaltningsutvalet vedtok på møte den 8. desember å legga forslag til ny områdeplan for Hjelmeland sentrum ut til offentleg ettersyn/høyring. 

Ein områdeplan er ein type reguleringsplan, og vil bli juridisk bindande for arealbruken i området og vil erstatte dei gamle reguleringsplanane for dette arealet.

Områdeplanen er utarbeida i tråd med dei føringane som er vedtatt i kommuneplanens areal- og samfunnsdel vedtatt i 2019.  Planen gir rom for sentrumsformål, forretning, kontor/næring/tjenesteyting, kultur og friområder.  Sjøareal inngår òg i planen.  Planområdet strekk seg frå Hjelmeland omsorgsenter i sør til Vågen småbåthamn i nord, og framgår av skissa. 

Areal-og forvaltningsutval sak 104/21 m/vedtak og alle høyringsdokumenta.

Dei viktigaste dokumenta er dei som faktisk utgjer sjølve planen:

Høyringspakken består altså av mange dokument, som framgår av dokumentlista (PDF, 98 kB). Det er òg utarbeidd ein god del bakgrunnsdokument som ikkje er linka opp i saken. Desse kan de få oversendt på førespurnad: postmottak@hjelmeland.kommune.no 

For å få eit illustrerande innblikk i planen: 
les 01.2 Stadanalyse og planprinsipp, der finn de til dømes ei del skisser av ei tenkt framtid.
 

 

 

 

 


Planen blir liggande ute til høyring/offentleg ettersyn i januar og februar 2022. Grunneigarar, direkte berørte partar, eksterne myndigheiter, interesseorganisasjonar med meir vil få tilsendt eige brev om høyringa.

Ope folkemøte

I løpet av høyringstida januar og februar vil me skipe til eit ope informasjonsmøte/folkemøte, ev anna type treffpunkt med rom for medverknad.  Me kjem tilbake til dato og form på dette utpå nyåret. 

Spørsmål til planen og frist for uttale

Ta gjerne kontakt med avdeling Plan og forvaltning i Vågahuset dersom de har spørsmål til plandokumenta. Saksbehandlar telefon 404 39 127.

Frist for uttale til planen er 1.mars 2022, og den kan sendast slik:

  • elektronisk skjema
  • epost: postmottak@hjelmeland.kommune.no 
  • Brev: Hjelmeland kommune, Plan og Forvaltning, Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland 

Merkast "Uttale til R179 Områdeplan Hjelmeland sentrum" 

Takk

Me takkar alle som til nå har delteke med innspel og idear til dette viktige planarbeidet for vårt kommunesenter og største tettstad.