Høyring - Detaljreguleringplan Randøy stein - Utviding steinbrot

Forslag til R177 Detaljreguleringsplan for Randøy stein - utviding steinbrot er på høyring fram til 7. juni.

Planforslaget går ut på å utvide eksisterande steinbrot aust for Randåsen vidare nordover. Uttaket pågår pr. i dag på gnr 91/1 og inngår i eldre reguleringsplan R89 Randåsen. Utvidinga skjer på 158 daa nordover, inn på gnr 3 bnr 3. Planen legg opp til at totalt 1,2 mill m3 stein kan tas ut over ein driftsperiode på 20 år.

Saksframlegg m/ vedlegg og vedtak 1. gongsbehandling Areal-og forvaltningsutvalet

Høyringsutkast: 

Informasjonsmøte om planforslaget

Randøy Stein AS inviterer til ope informasjonsmøte for alle interesserte.
Det blir gitt informasjon om drifta, ein presentasjon av planforslaget og det er ope for spørsmål.
Møtet finn stad på Teams 26.04 kl. 18.00: Link til informasjonsmøte på Teams

Høyringsfrist

Innspel og merknader til planarbeidet sendast til Hjelmeland kommune innan 7. juni 2022:

  • Epost: postmottak@hjelmeland.kommune.no
  • via elektronisk skjema.
  • Hjelmeland kommune, Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland

Areal-og forvaltningsutvalet vedtok i møte 24.03.2022 i sak 20/22 å leggje forslag til R177 Detaljreguleringsplan for Randøy stein - utviding steinbrot, ut til offentleg ettersyn.