Høyring - Detaljreguleringsplan R162 Solstrand bustadfelt, Fister

Areal-og forvaltningsutvalet vedtok i sak 22/21 at R162 Detaljreguleringsplan Solstrand bustadfelt, Fister skal leggjast ut til offentleg ettersyn.

Området skal regulerast til bustadformål, og gir rom for 21 bustader fordelt på 10 leilegheiter, 4 einebustader og 7 rekkehusleilegheiter + småbåthamn, friområde/badeplass og leikeareal. Fylkesveg 4648 går gjennom området, og det er regulert inn ny g/s-veg på hhv vest og austsida av vegen.  

AFUsak 22/21 med vedtak 1.gongsbehandling (PDF, 916 kB)

Sjølve planen består av
Vedlegg 2_Planskildring R162 Solstrand (PDF, 3 MB)
Vedlegg 3_Plankart R162 Solstrand_Høyringsutkast (PDF, 3 MB)
Vedlegg 4_Føresegner R162 Solstrand_høyringsutkast (PDF, 177 kB)

Uttalefrist : 1. september 2022:
- via elektronisk skjema,
- på e-post:  postmottak@hjelmeland.kommune.no
- eller pr post: Hjelmeland kommune, Plan og forvaltning, Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland
 

Tilhøyrande plandokumentasjon: 
Vedlegg 5_Illustrasjonsplan R162 Solstrand (PDF, 2 MB)
Vedlegg 6 ROS-analyse med tilhøyrande rapportar_R162 Solstrand (PDF, 16 MB)
Vedlegg 7 Massedisponeringsplan R162 Solstrand (PDF, 5 MB)
Vedlegg 8 Fagrapport naturmangfald (PDF, 4 MB)
Vedlegg 9_Rapport eiketrær (PDF, 2 MB)
Vedlegg 10_Vurdering eiketrær (PDF, 203 kB)
Vedlegg11_Perspektiv (PDF, 6 MB)
Vedlegg12_Isometri Vest (PDF, 3 MB)
Vedlegg 13_Isometri Nordvest (PDF, 3 MB)
Vedlegg 14_Terrengsnitt (PDF, 885 kB)
Vedlegg 15_Solstudie 21-juni kl-18 (PDF, 2 MB)
Vedlegg 16_Solstudie 21-mars kl-15 (PDF, 3 MB)
Vedlegg 17_ Avtale skolevei (PDF, 4 MB)
Vedlegg 18_vann og avløp_illustrasjon (PDF, 5 MB)

 

Oversikt over ny dokumentasjon og endringar i plan etter 1.gongsbehandling:

1 Geoteknisk vurdering med eventuelle avbøtande tiltak: jf ny grunnrapport Procon datert 16.02.22, herunder grunnboring. Rapporten gir nokre fagkyndige råd for å sikre stabilitet. Dette er løyst med å foreslå eit tillegg i rekkefølgjekrav § 2.1 om konkrete avbøtande tiltak. Sjå vedlegg 6 ROS.

2. Konsekvens for maritimt miljø som følgje av fylling: jf Ecofact-rapport, som m.a. viser at ålegrasenga er større en først antatt. Dette er løyst slik i planforslaget: 1) utvida omsynssone H560_ålegras 2) redusert fyllingskant i sjø bestemmelsesområde #1, og endra til peling for søndre del av byggeområde BKS2, 3 ) redusert 3 m i lengda på brygga f_BSB1 (det er i § 8.1.3 gitt rom for peling, men at det skal visast omsyn, jf tillegg i føresegn § 9.2.2. Sjå vedlegg 8 Naturrapport

3. Strategi for massedisponering jf rapport frå Head Energy datert 25.02.22: viser overskot på lausmasse 14 000 m3, og underskot på steinmasse 5000 m3. Det er ikkje gjort greie for bruk av matjorda, og elles ikkje endringar i plankart/føresegner som følgje av rapporten. Sjå vedlegg 7 Masse

4. Naturfagleg vurdering av Liarbekken/kantsone: jf Ecofact-rapport datert 26.01.22. Det er ikkje gjort endring i plankart som følgje av rapporten, men lagt inn eit tillegg i § 2.1.e om at tiltaka og reetableringa i bekkeløpet skal skje etter plan utarbeidd av fagkyndige: Sjå vedlegg 8 Naturrapport

5. Planen sin effekt på vannmiljø: framgår av Ecofactrapport og fulgt opp med supplerande føresegner § 9.1.1. Sjå vedlegg 8 Naturrapport.

6. Eiketrea: framgår av planen at trea kan tas ned og behaldast i området eller flyttast, jf § 6.1

I høyringsrunden har òg planfremjar kome med eit forslag om at det skal etablerast ein ca 50 m lang grusa gangsti mellom innregulert g/s-veg SGS3 og Stølsvegen i sør. Dette er utanfor planområdet, men de har lagt det inn som eit rekkefølgjekrav i § 2.2.e, dette for å sikre skuleveg opp via privat veg Stølsvegen, viser her til forklaring/kart i kap 6.7.4 i Planskildring og til vedlagd avtale med grunneigarar. Det er ønskjeleg at dette òg er ein del av høyringa til planforslaget.