Høyring - Detaljreguleringsplan R175 Nordskår hyttefelt

Areal- og forvaltningsutvalet vedtok i møte den 27.10.21 å leggje reguleringsplan R175 Nordskår hyttefelt ut til offentleg ettersyn, sak 80/21.

Planforslaget inneheld 76 nye hytter i tillegg til 32 eksisterande hytter/hus, 2 nye småbåthamner, fellesbygg/boder, båtgarasjar, naust, badeplassar, nye vegar mm.

Planforslaget blei først behandla som ei prinsippsak i kommunestyret 13.02.2020, sak 09/20. Kommunestyret var då positiv til 120 nye hytter og større småbåthamn, men planfremjar har vald å redusere hamna og tal hytter til 76 nye.

Berørte partar og eksterne planmyndigheiter er varsla ved brev. I varslingsbrevet er kun dei viktigaste dokumenta lagt ved; plankart, føresegner og planomtale. Det er dei dokumenta som utgjer den faktiske planen. 

Her finn de ALLE HØYRINGSDOKUMENTA , inkl ROS-analyse, VA-rammeplan, mm.

I kartportalen Kommunekart kan du òg finne digitalt plankart Nordskår.  Zoom deg inn til Nordskår, og slå på kartlaget "reguleringsplanar under arbeid"

Etter høyringsrunden blir saka tatt opp til ny politisk behandling i Areal-og forvaltningsutvalet og deretter til endeleg godkjenning i Kommunestyret.

Frist for uttale til planen er 1.mars 2022, og den kan sendast slik:

  • elektronisk skjema
  • epost: postmottak@hjelmeland.kommune.no 
  • Brev: Hjelmeland kommune, Plan og Forvaltning, Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland 

Merk: "Uttale til R175 Nordskår hyttefelt " 

Ta gjerne kontakt viss det er spørsmål til saka.