Høyring - Nytt akvakulturanlegg v/ Breivik-Valvik, Gardsundfjorden

Høyring - Nytt akvakulturanlegg v/ Breivik-Valvik, Gardsundfjorden

Mowi ASA søkjer om løyve jf akvakulturlova til etablering av nytt produksjonsanlegg for laks i Gardsundfjorden utanfor Breivik-Valvik på nordvestsida av Randøy.

Utsnitt kommuneplanen - Akvakultur Breivik-Valvik skisse frå søknad

Dispensasjon

Anlegget vil gjelde produksjon av laks med maksimal tillatt biomasse MTB på 3600 tonn.

Overflateanlegget er i tråd med kommuneplanens arealdel akvakulturområde A13 Breivika, og vil bestå av 8 rammer a 100 x 100 m i ei rekkje. Forankringa går ned i fjorden utan landfeste. Ingen planlagde tiltak på land.

Hjelmeland kommune har gitt dispensasjon med vilkår til at ein del av ankringslinjene kan gå ut over avsett kombinert FFA-område (fiske, ferdsel og akvakulturområde). Avviket gjeld under sjøoverflata ned mot sjøbotn jf vedtak i Areal-og forvaltningsutvalet sak 87/23.

Link til søknadsdokumenta inkludert kartutsnitt 

Merknadar

Merknader til søknaden sendast til:

Frist for innsending av merknader er 8. mars 2024 

Vidare saksgang etter høyring

Mottatte merknader blir oversendt til Rogaland Fylkeskommune, Næringsavdelinga saman med kommunen si uttale etter plan-og bygningslova.  Etter høyringsrunden skal òg sektormyndigheiter gi løyve/uttale seg etter anna lovverk, som td Kystverket, Fiskeridirektoratet, Statsforvaltaren og Mattilsynet. Det er Rogaland fylkeskommune som er tildelingsmyndigheit. 

Prosess for akvakultursøknader framgår av :
Forskrift om samordning og tidsfrister i behandlingen av akvakultursøknader