Høyring - permanent stenging av Blåsjøvegen

Klikk for stort bilete Torborg Kleppa NVE presenterer nå eit forslag om permanent stenging av Blåsjøvegen for ålmenta.  I praksis betyr det at NVE foreslår at den prøveordninga som har vore i fleire år blir vidareført som ei varig løysing.

Forslaget går mellom anna ut på at:
- Trafikken på Blåsjøvegen mellom Venehei og Storvassdammen vert avgrensa ved hjelp av noverande bommar på Venehei og Beinlei.
- Bommen på Venehei vert ståande open for ålmenn ferdsle inn til Beinlei i perioden 15. august til 30. september dersom Statkraft SF finn at føretilhøva m.m. tillet det.
- Bommen på Beinlei er stengt for ålmenn ferdsle.

Det er kun moglegheit for kjøring i samband med offentleg drift/utrykning, leiteaksjonar og særskilde behov ved sauesanking. Reglar for utlån av nøklar til bommane via kommunen blir foreslått oppretthalde.

Meir info og forslag til vedtak :

 

Eventuelle innspel til forslaget sendast elektronisk til nve@nve med kopi til lbl@nve.no innan 17.april 2020.