Høyring: regulering g/s-veg Årdalstunet - Bøen

Rogaland Fylkeskommune har utarbeidd forslag til detaljreguleringsplan for g/s-veg langsmed Kyrkjevegen,  fylkesveg 4672 på strekningen Årdalstunet - Bøen. Fylkeskommunen legg nå planforslaget ut til offentleg ettersyn

Forslag til detaljreguleringsplan er utarbeidd jf plan-og bygningslova § 12-3, og leggjast ut til høyring jf plan-og bygningslova § 3-7.  

Formålet med planen er å etablere eit betre tilbod for gåande og syklande for auke trafikktryggleiken.

Her finn du PLANFORSLAGET med alle tilhøyrande dokument.

Eventuelle merknader rettast til Rogaland Fylkeskommune:
- epost: firmaspost@rogfk.no
- brev: Rogaland Fylkeskommune, Postboks 130, 4001 Stavanger 

Merk med saksnummer 2020/58628
Frist for merknader er 16.oktober 2020

Etter høyringsrunden blir merknadane gjennomgått og eventuelle korrigeringar av plandokumenta gjort.  Deretter går saken til Hjelmeland kommune v/ Areal-og forvaltningsutvalet for 2.gongsbehandling og deretter til Kommunestyret for endeleg behandling. 
Klikk for stort bilete