Høyring - Reguleringsendring Buhammar hyttefelt

På møte i Areal-og forvaltningsutvalet den 10.12.19 i sak 78/19 blei det vedtatt å leggje forslag til endring av Detaljreguleringsplan for R151 - Buhammar hyttefelt ut til offentleg ettersyn, jf plan- og bygningslova § 12-10.

Endringsforslaget går ut på å flytte to av hyttene T15 og T16 høgare opp i terrenget, slik vist i skisse. Klikk for stort bilete 

Ved varsel om oppstart i juni 19 ønskja søkjar LG Jansen å flytte 3 hytter + regulere inn ei ny. Dette er altså redusert til kun å omfatte flytting av 2 hytter.

Det er òg foreslått nokre endringar i føresegnene for hyttene. Eit tidlegare dispensasjonsvedtak for naustområdet N1 er nå innarbeidd i reguleringsførsegnene.

 

Høyringsutkast:

 

Eventuelle merknader til planforslaget rettast til Hjelmeland kommune innan 10.mars : postmottak@hjelmeland.kommune.no eller via elektronisk skjema.