Hugs å rapportere fellingsresultat

Nå er jakta på elg, hjort og rådyr over for denne gongen, og me minner om at fristen for å senda inn fellingsrapport var torsdag 6. januar.

Fellingsrapporten skal helst sendast inn elektronisk via www.hjorteviltregisteret.no

Valdansvarleg har fått tildelt rettigheter i registeret, og skal gå inn og godkjenne registrerte felte dyr og sende fellingsrapport. Når du har godkjent felte dyr kan du opprette fellingsrapport. Husk at du skal opprette fellingsrapport også når det ikkje er felt dyr. Når alt registrert må du stadfeste at rapporteringa er ferdig.

NB! SOM VALDANSVARLEG SKAL DU LOGGE INN UNDER FANA «VILTFORVALTNING» - IKKJE «JEGERE».

Brukarnamnet ditt er den e-postadressa som du har fått tilsendt fellingsløyva på. Hugsar du ikkje passordet ditt/ eller har du ikkje registrert passord så trykker du på «Be om nytt passord».

Får du det ikkje til så kan du ringa til Naturdata – tlf.74 33 53 10 – dei vil gjerne hjelpa.

Fellingsrapport på papir

Har du ikkje mulighet til å rapportera elektronisk, kan du senda inn fellingsrapporten på papirskjema ( nedste delen på fellingsløyvet).

Spørsmål til rapporteringa?

Har du elles spørsmål til rapporteringa – ring Torborg, tlf. 404 39 123.