Influensavaksine

I år må du til Hjelmelandshallen for å få influensavaksine. 

Det blir vaksinering følgande dagar:

  • 3. november kl. 9-14.30
  • 4. november kl. 14-18
  • 10. november kl. 9-14.30

 Du kan bestille deg time på ReMin.no  

Her er det også mogleg å bestille på vegne av andre.

Hugs på

  • Hugs å  ikkje møt opp dersom du har luftvegsymtom og er sjuk. 
  • Influensavaksine er kun for dei i risikogruppa. 
  • Har du barn som skal ha influensavaksine ta kontakt med helsestasjonen.

Influensavaksina er gratis i regi av Hjelmeland kommune.

Dersom du velg å ta den hos fastlegen vil det vere 50 kr i eigenandel. 

Kven bør vaksinera seg?

Alle kan bli alvorleg sjuke av influensa, men nokre risikogrupper er meir utsatt for alvorleg sjukdom enn andre. Helsegevinsten kan vera stor om desse vaksinerer seg.

Nær 1,6 million menneske i Noreg tilhøyrer grupper med økt risiko for alvorleg influensasykdom.

Personer i følgende risikogrupper bør ta influensavaksine årleg: 

  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim 
  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine.
  • Prematurt fødte barn, særleg barn født før veke 32 i svangerskapet, fra 6 måneder til 5 år.
  • Barn og vaksne med:
    • kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
    • hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk)
    • diabetes type 1 og 2
    • leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet og/eller hostekraft
    • nedsatt immunforsvar som følge av sjukdom eller behandling av sjukdom (f.eks. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar)
    • svært alvorlig fedme (KMI over 40)
    • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ei alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege (f.eks. personar med medfødte kromosomavvik, genetiske syndrom og samansette kromosomavvik som ikkje er klassifisert annan stad)

I tillegg anbefales influensavaksine til:

  • Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesta som har nær kontakt med pasientar ved behandling eller pleie
  • Personar som bur saman med (eller er tilsvarende nære) immunsupprimerte
  • Svinerøktere og andre som har regelmessig kontakt med levande griser

Pneumokokkvaksina blir tilrådd same gruppe.

Meir informasjon om influensavaksine

Temaside med informasjon om influensavaksine.

Vaksine mot influensa.