Informasjonsmøte om elg- og hjortejakta 2019

Klikk for stort bileteEtter pålegg frå Miljødirektoratet skal det i Hjelmeland takast prøvar av alle elg og hjort som er 2 år eller eldre som blir felt under jakta 2019. Det er jegerane sjølv som skal ta ut desse prøvane.

For å gi informasjon om korleis prøvane skal tas, og for å dela ut prøveutstyr kallar me inn til informasjonsmøte. Mattilsynet deltek på møtet.

Tid og stad: Hjelmeland samfunnshus, måndag 19. august kl. 19.30.

Program:

  • Litt om skrantesjuke - Mattilsynet
  • Korleis tek ein ut prøvar av hjerne og lymfeknutar – Mattilsynet
  • Registrering og innsending av prøvar - kommunen
  • Rapportering av fellingsresultat og bruk av hjorteviltregisteret.no – kommunen
  • Litt fellingsstatistikk frå jakta i 2018, utvikling i avskyting og tankar framover - kommunen.
  • Utdeling av prøveutstyr – jegerpakkar

 

 

Torborg Kleppa
Rådgjevar næring og landbruk
E-post
Telefon 404 39 123