Invitasjon til frivillige lag og organisasjonar 21.10.2018

Frivillig torg - Klikk for stort bilete

Hjelmeland kommune inviterer Frivillige lag og organisasjonar til Frivillig Torg 21. oktober 2018, kl 12.30-15.30, i Hjelmelandshallen.
 

Denne dagen kan frivillige lag og organisasjonar vise seg fram for innbyggjarar og besøkande i Hjelmeland kommune. Me er stolte av å ha eit så variert og mangfaldig tilbod når det gjeld frivillig arbeid, og håpar ditt lag vil vera med.

De vel sjølv kva de vil presentera, alle får tilbod om standplass og høve til å ha aktivitetar ute og inne.
Påmeldingsfrist 20. august 2018. Påmelding til postmottak@hjelmeland.kommune.no
For spørsmål ta kontakt med:
Hjelmeland Frivilligsentral, Åsmund Sigmundstad, tlf 40439155
SLT- og folkehelsekoordinator, Annbjørg B. Egeland, tlf 40439154