Jaktstatistikk - stadig meir hjort, mindre elg
Det blei felt 3 elgar i 2022 – det ga ein fellingsprosent på berre 13%, og er den lågast avskytinga så langt tilbake som me har tilgjengeleg statistikk, dvs. 2004. Det blei felt to oksar og ei ku.
Det blei rapportert felt 59 rådyr, fellingsprosent på 8%, og der heile 60% av dei felte dyra var vaksne bukkar. Mange vald slurvar diverre med å levera fellingsrapport for rådyr, og me mistenker at det kan ha blitt felt nokre fleire dyr enn dette.
Situasjonen er heilt annleis for hjorten. 2022 blei eit nytt rekordår med heile 295 felte hjortar i kommunen. Fellingsprosenten var likevel ikkje meir enn 47%, noko som heng i saman med at minstearealet blei halvert før jakta 2002, og det blei følgjeleg tildelt rekordmange løyve også.
Jegrane har likevel truffe godt på fordelinga mellom kjønn og alder i forhold til dei kommunale måla for avskytinga:
Publisert 08.03.2023 15.33
Sist endra 08.03.2023 15.34