Jula er ei god tid, dersom tida er god

Dette sitatet høyrde eg for ein del år sidan, og det beit seg fast. Og i år er det kanskje meir aktuelt enn på veldig mange år, og difor vil eg starte denne julehelsinga med å oppmode alle om å sjå seg litt rundt, og sjå om der er nokon i din nærleik som treng ei hjelpande hand. Enten det er i form av ei oppmuntrande melding, ei gåve, eller anna hjelp. Det gjer noko med oss alle å kjenne at vi er ein del av eit fellesskap der vi vert sett, og der vi kan bidra på ein eller annan måte, med det vi har. 

Når det er sagt, så har eg lyst til å skryte av alt det gode arbeidet som vert gjort, og sjølv om lista er lang, vil eg særleg framheve arbeidet med flyktningar. Vi sa ja til å ta imot 55 flyktningar i 2022, og mange har stått på for å hjelpe til, både som tilsette i kommunen, som frivillige i ein eller annan samanheng, og som gode naboar eller medelevar. Tilbakemeldingane eg får er at Hjelmeland er ei god kommune å kome til, og det skal vi vere stolte av. Stolte av at vi kan gir husrom og vere ei trygg hamn for menneske som har mista den heimen og det livet dei hadde.

Trass i all uro rundt oss så tør eg påstå at det går godt i Hjelmeland, sjølv om vi ikkje er unnateke galopperande straumprisar og andre prisauker. Næringsdrivande, frivillige organisasjonar og kommunen produserer varer, tenester, omsorg, idrett og underhaldning av ypperste klasse, samstundes som det også er eit  fokus på ei grønare og meir berekraftig utvikling. Som ordførar merkar eg eit positivt engasjement både i Hjelmeland og i Ryfylke, og eg vil gjerne understreke kor viktige alle saman er for heilskapen. Det handlar om å sørge for at vi som bur her skal ha noko å leve av og for. Saman skaper vi gode lokalsamfunn, og med positiv folketalsutviklinga, gir vi gass vidare! Eg ser fram til eit vidare godt samarbeid i 2023.

Så går vi no inn i julehøgtida, og brått er det eit nytt år. Jula er ei tid med mange kjensler, nye og gamle tradisjonar og også litt ettertanke. Og det med tradisjonar er ein viktig del av identiteten vår. Eg for min del tilhøyrer pinnekjøt-laget, kan pynte treet før 23. desember, avstår frå riskrem, og har juleevangeliet som ein viktig del av feiringa. Andre har andre tradisjonar, og til saman er det dette smelteverket av sprø svor, nøttesteik, julegåver, Deilig er jorden og mandel i grauten som samlar oss. 

Så er jula også tida der vi kjenner eit ekstra sakn etter dei som har forlatt oss, og gler oss over nye som har kome til. På mange måtar kjem kontrastane nærmare, på godt og vondt, og det skal vi ta oss tid til. Det er jo det som er livet. 

Sluttar av med ei lita oppfordring inn i jula og det nye året om å vere rause med kvarandre. Rause med å dele av det vi har, rause mot naturen, rause i møte med det som er annleis, rause i møte med menneske som tenker og føler annleis, rause på at livet kan levast på ulikt vis. Det byrja med ei lita familie som fekk husrom i ein stall. 

God Jul og Godt Nytt år!! 

Julehelsing frå ordførar Anita H. Riskedal