Justert regime for testing, isolasjon, smittesporing og karantene (Justert TISK)

Mpndag 27. september endra reglane seg for TISK. Dette fordi store deler av befolkninga no er vaksinerte.

Testing

Dersom du har symtom på luftvegssjukdom kan du testa deg sjølv to gonger med 24 timars mellomrom med antigen hurtigtestar. Viss begge prøvane er negative (berre 1 strek), kan du vera nokså sikker på at det ikkje er koronavirus.

Viss det er to strekar (sjølv om den eine er svak), er det ein positiv test. Du bør då isolere deg, inkludert frå andre i husstanden og få bekrefta prøven med ein PCR-test på legekontoret. Bestill time så snart som mogleg på legekontoret. Då vil også smittevernlegen bli varsla og nokon frå kommunen vil kontakte deg for vidare råd.

Ofte stilte spørsmål om testing. (PDF, 106 kB)

Henting av hurtigtest

Me har laga klart pakkar med to hurtigtestar i kvar pose som du kan hente i dei fleste bygdene: 

  • YX Hjelmeland - måndag - fredag kl. 7.30-20, laurdag kl. 9-20 og søndag kl. 10-20
  • Joker Fister - måndag til torsdag kl. 9-19, fredag kl. 9-20 og laurdag kl. 9-18
  • Coop Prix Årdal - måndag til fredag kl. 8-21 og laurdag kl. 8-20
  • Coop Marked Vadla - måndag til torsdag kl. 9-17, fredag kl. 9-20 og laurdag kl. 9-18

Ikkje ta meir enn det du treng for dei testane du har planlagt for deg sjølv eller dei du bur med.

Me har begrensa tilgang på testar derfor skal testane kun brukast av deg med symptom eller dersom du er nærkontakt. Det betyr at testane ikkje skal brukast rutinemessig før fest eller liknande. Det er du som henter som har ansvar for å følge dette.

Som hovudregel skal du hente ein pose med to testar. Dersom du hentar til familie kor fleire er sjuke kan du få ei eske med fem testar. Du som er i karantene og skal teste deg sju gonger skal ha ei ekse og ein pose slik at du har 7 testar. Maks éin pakke per kunde og du som skal få testar må vere 16 år eller eldre.

Du eller nokon andre i husstanden kan ta testen. Dersom du absolutt ikkje klarer det sjølv, kan me hjelpe på legekontoret med PCR-test eller hurtigtest. 

Som eit alternativ kan du ta EIN PCR-test på legekontoret i Hjelmeland. Bestill time på helsenorge.no (“kontakt legekontoret”) dersom du har fastlege der eller ring 51 75 71 00.

Bruksanvisning for hurtigtest. (PDF, 263 kB)

Symptom

Viss du har symptomer på sjukdom som særs hoste, feber, verk i kroppen o.l. bør du fortsatt halde deg heime for å unngå å smitte andre med viruset du har. Føler du deg frisk og du har lette restsymptomer kan du likevel gå på jobb, men hugs vanlege smittevernråd som å hoste i albogen og halde reine eller desinfiserte hender.

Dersom du er i karentene, kan du ta daglege hurtigtestar på deg sjølv i 7 dagar i staden for å vera i karantene, men berre viss du ikkje fortsatt har kontakt med den som er isolert. Då kan du gå på jobb og skule.

Meir informasjon om nedjustert TISK.

Finn oppdatert informasjon på helsenorge.no.

Information in English

Norway moves to normal everyday life with increased emergency preparedness.

Entry restrictions will be gradually lifted.