Kan du bidra? Eller treng du hjelp?

Mange innbyggarar er no foreløpig isolert frå sine vanlege nettverk på grunn av koronaviruset. Enten fordi dei er i karantene eller fordi dei sosiale og kulturelle tilbooda dei vanlegvis nyttar seg av er avlyst. Kanskje treng du hjelp til å få gjort unna småærend eller kanskje berre at nokon ringer til deg for å sjekke at alt går greit? 

Fyrste fase er å kunne kartlegge behov og kven som vil bidra. Meld gjerne ditt behov for assistanse/hjelp på skjema som ligg på nettsida til Hjelmeland Frivilligsentral. Frivilligsentralen vil sørge for at frivillige bidrar på ein måte som gjer at smittebarrierar ikkje vert brotne.

Kan du bidra? Treng du hjelp? Fyll ut skjema som ligg på nettsida til Hjelmeland Frivilligsenral.