Kjære alle i reiselivs- og servicebransjen

Det har vore ein utfordrande vår for dykk, og sjølv om det var ei lette å kunne opne igjen meir og meir, har de ikkje kunne drive som før. Det er mange nye reglar og retningslinjer å forhalde seg til, og det blir meirarbeid og gjerne vanskelegare å tene like mykje.

De har ei viktig rolle i det lokale næringslivet og er også dels ansvarlege for det gode inntrykket reisande får av kommunen vår! Derfor er det flott at de har klart å få til det de får til trass utfordringane med pandemien.

Eg vil gjerne minne dykk på likevel at pandemien ikkje er over før han er over, og inntil vidare må me gjera det me kan for å redusera risikoen for at vi får spreiing av Covid-19 her lokalt.

Det er Covid-19-forskrifta som seier kva reglar ein MÅ følgje. Korleis ein praktisk kan følge forskrifta kan de lese om i dei ulike oppdaterte bransjenormane som NHO har skrive i samarbeid med bransjen:

Viktige punkt

1 meter avstand:

  • Demp gjerne lyd slik at ein slepp å sitje for nærme på serveringsstader
  • Gjeld også ved borda på serveringsstader dersom ein ikkje er frå same husstand
  • Vær ikkje redd for å gi ei venleg påminning til dei som ikkje overheld avstandskrava
  • Ver spesielt merksam på at rus ofte påverkar denne atferden
  • Vurder å vise bort kunder som ikkje klarer å halde seg til dette

Handhygiene og hosting/nysing:

  • Oppfordr gjester til å vaske hender når dei kjem
  • Tilgjengeleg handdesinfeksjon
  • Hyppig reingjering av kontaktflater og minst mogleg felles kontaktflater
  • Skilting i lokalene, bruk gjerne plakatar frå Folkehelseinstituttet
  • Be folk om å halde seg heime dersom dei har symptom

Testing

Tilsyn

Etter smittevernloven § 7-1 fjerde ledd skal kommunen føre tilsyn og sørga for at reglane i loven og gjeldande forskrifter vert følgde. Med dette varlsar me om at det kan bli aktuelt med tilsyn i august, me tek nærmare kontakt med dei det gjeld.

Venleg helsing og god sommar vidare frå

Bjarte Sørensen,
smittevernlege Hjelmeland kommune