Kjære hyttefolk!

Vi er veldig glad i alt de gjer for kommunen vår Hjelmeland, skapar liv og røre og knyttar mange vennskapsband på tvers av kommune- og landegrenser! De bringer også med dykk ressurser, entreprenørskap og kunnskap som vi ikkje ville vore forutan. 

Nett no vil eg likevel oppfordre dykk til å halde dykk i dykkar eigen heim. De skal ha fått ein SMS om dette fredag ettermiddag. Likevel har vi merka markert AUKA aktivitet på hytter og butikkar samanlikna med ei vanleg helg i mars.

Det er tre grunnar til kvifor de bør halde dykk heime for dykkar eigen og vår del:

  1. Ved normaltilstander nær doblar befolkninga seg i påske- og sommarsesongen. Legekontoret stoppar opp vanleg virksomhet og driv bare rein legevakt - og det er OK. Også andre tenester som til dømes heimesjukepleie merkar auka førespurnad. Likevel, i ein slik unntakssituasjon som nå, er me ikkje skalerte til å takla ei dobbel befolkning. Eg skal jo bare vera på hytta, tenker du kanskje? Men er du uheldig og skjærer deg på kjøkkenknivet eller brekker ein arm er det ein av våre legar som må bruke av tida si for å hjelpe deg.
  2. Heile poenget med å stenge skular og oppfordre til sosial avstand og minst mogleg reising innanlands og utanlands er for å stoppe spreiinga av viruset. Dette går begge veger. Vi kan ha viruset og smitte dykk, eller omvendt.
  3. Du trengst kanskje i din eigen kommune. Eg kan hjelpe Hjelmeland kommune, tenker du kanskje? Viss du er her for å hjelpe pårørande som treng ekstra omsorg no, til dømes demente og andre med nedsatt funksjonsnivå, gi beskjed til heimetenesten på tlf. 51 75 90 00.

Vi gledar oss til desse tidene er over og vi igjen kan ta i mot dykk og vi kan nyte betre tider saman! Vi ønskjer alle alt det beste i denne vanskelege situasjonen. 

Venleg helsing Bjarte Sørensen,
kommuneoverlege og smittevernlege
Hjelmeland kommune