Kokevarsel - oppdatert

Me har no fått svar på oppfølgingsanalysane som er tatt fleire stader på leidningsnettet ut frå Årdal vassverk. Du som er berørt av dette skal få ei melding med oppdatert informasjon. 

Abonnentar som er påkobla leidningsnettet før Nessa høgdebasseng vil få varsling om at kokepåbudet opphøyrer. Oppfølgingsprøvane viser ingen avvik og i dialog med Mattilsynet og Kommunelege kan vatnet på denne del av leidningsnettet difor friskmeldast. 

Abonnentar som er påkobla leidningsnettet etter Nessa høgdebasseng og vidare ut til Hetlandsbygd og Bratthetland, vil få eigen varsling om at kokepåbudet ikkje opphøyer for dei. Me arbeidar med tiltak og ifølge prosedyrar må me ta tre oppfølgingsprøvar utan avvik før vatnet kan friskmeldast. Vidare informasjon vil tidligast kunna sendast ut i slutten av neste veke. 

Har du ikkje fått varsel? Gå inn på Varslemeg.no for å sjekke at rett telefonnummer og e-post adresse ligg inne på deg.

Kva gjer eg når eg får kokevarsel? Sjå anbefaling frå Folkehelseinstituttet
 

.