Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 - Førehandsrøystinga startar 12. august

Dersom du er forhindra frå å røyste på valdagen har du moglegheit til å førehandsrøyste. Dette kan du gjere i perioden 12. august til 6. september, i biblioteket på Vågahuset.

Opningstida er kvardagar kl. 10.00-15.30.

Val - førehandsrøysting

Kven har røysterett?
  • Norske statsborgarar som fyller 18 år i løpet av 2019 og som er, eller har vore, registrert som busett i Norge
  • Statsborgarar i andre nordiske land som fyller 18 år i løpet av 2019, og som har vore registrert busett i Norge seinast 30. juni 2019
  • Øvrige utanlandske statsborgarar som fyller 18 år i løpet av 2019, og som har vore registrert busett i Norge samanhengande dei tre siste åra før valdagen

For å kunne røyste må du stå i manntalet, du er manntalsført i den kommunen du var registrert busett i pr. 30. juni. Du kan likevel førehandsrøyste i den kommunen du sjølv ønskjer.

Røystemottak på omsorgssenter

Det vert også gjennomført røystemottak på omsorgsinstitusjonar:

Årdal omsorgssenter: 
onsdag 4. september,  kl. 12:00-15:00

Hjelmeland omsorgssenter:      
torsdag 5. september, kl. 12:00-15:00

Alle veljarar har moglegheit til å førehandsrøyste her, både personalet, bebuarar og andre.

Røysting heime

Veljarar som på grunn av sjukdom eller liknande, ikkje kan avgi røyst der det er røystemottak, kan etter søknad til valstyret få avgi førehandsrøyst til dømes i heimen.

Søknad sendast Hjelmeland kommune v/Valstyret, Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland, eller til postmottak@hjelmeland.kommune.no

Søknad må vera motteken av oss i løpet av tysdag 3. september.    

 

Meir informasjon om valet finn du på www.valg.no

Hugs legitimasjon ved røystinga og godt val!

 

Valstyret