Konkurranse: Vakraste inngangsparti

Klikk for stort bilete Svanhild Hjorteland Gbada Me har for tida ein konkurranse i kommunen om å ha det vakraste inngangspartiet. Har du bidrag? Gå inn på arrangementet på Facebook og del bilete av ditt inngangsparti. Hjelmeland legekontor har sendt inn sitt bidrag: dei har kanskje ikkje hatt den vakraste inngangen, men deifinitivt den viktigaste! 

Klikk for stort bilete Svanhild Hjorteland Gbada Dei tilsette på legekontoret står på for samfunnet vårt nå, og gjer ein fantastisk jobb!!  

Likevel, midt i all korona-alvoret la dei faktisk merke til at haustlyngen i krukkene ved inngangsdøra var falma og stygg. Det ga ikkje akkurat ein oppløftande velkomst for dei som i desse tider besøker legekontoret.

Klikk for stort bilete Svanhild Hjorteland Gbada Men: dei tilsette tok grep der òg! Påskeliljer blei skaffa og flytkoordinatorane ved inngangen rydda ut av krukkene, planta nytt og vatna.

Tre av dei tilsette fekk seg då ein liten, velfortjent luftetur ut i den friske vårlufta for «inspeksjon» - i behørig korona-avstand.

Blomster er viktigare enn nokon gong. Gjer som Hjelmeland Legekontor: Plant blomster! Gjer det grønt og triveleg rundt døra di. Det er ikkje alltid det skal så mykje til, kanskje berre 2-3 påskeliljer.

Og delta gjerne i konkurransen: Vakraste Inngangsparti i Hjelmeland!
Her kan du også lese om konkurransereglane. 

Det annonserte kick-offet blei avlyst pga Korona! Nå har kanskje Hjelmeland Legekontor «kicka dette off» på eit vis?

Les meir om prosjektet: Blomstrande Hjelmeland.