Koronavaksinasjon

Alle over 18 år kan nå få 3. dose med vaksine dersom det er 20 veker sidan 2. dose. Me i Hjelmeland kommune gjør oss klar til å vaksinere fleire. Dette gjer at me nå endrar litt på dagar og tider me vaksinerer.

Dagar for vaksinering

  • 12. januar 2022 kl. 16-19 - Helsehuset
  • 19. januar 2022 kl. 13-17 - Idrettshallen

Me tilbyr også drop in alle dagar, men me ønsker at flest muleg bestiller seg time i ReMin.  Her kan du også bytte time dersom du ønsker time tidlegere enn først bestilt. 

Intervall mellom dosane

Me minner om at intervall mellom dose 2 og 3 nå er 20 veker. Dette kan du sjekke i koronasertifikat på helsenorge.no.

Nokon vil få SMS om endra time til vaksine, men det er berre me som har byttet deg frå helsehuset til idrettshallen. Det vil vera same dag og klokkeslett, berre ny oppmøtestad. 

Sjå film med spørsmål og svar om oppfriskingsdose