Kulturprisen og Hjelmelandsprisen 2018

Kommunen ynskjer også i år å dele ut Kulturprisen og Hjelmelandsprisen. Frist for å kome med forslag er 5. november.

Kulturprisen 2018

Merk at reglane for tildeling nå er endra og har fått slik ordlyd: Formannskapet deler ut kulturpris til personar, lag eller oganisasjonar som har gjort ein stor og verdifull innsats for kulturlivet, eller gjennom frivillig innsats vore ei eldsjel for lokalmiljøet i Hjelmeland kommune.

Hjelmelandsprisen 2018

Kommunen ynskjer å heidre ein person, organisasjon, bedrift eller liknande som har profilert kommunen gjennom næringstiltak, eller andre engasjement som profilerer Hjelmeland kommune på ein positiv måte.

Frist for å kome med forslag er 5.november.

Trykk her for å sende inn ditt forslag

Forslag kan og sendast til:
postmottak@hjelmeland.kommune.no eller
Hjelmeland kommune, Vågavegen 115, 4130 Hjelmeland

Det er formannskapet som vedtek kven som får Hjelmelandsprisen for 2018