Kunstgåve

Det siste året har Arne Skogerbø hatt salsutstilling på Høiland Gard. Onsdag 31. august blei utstillinga teken ned, og Skogerbø fann ut at han ville gleda heimbygda med bilde.

Kunstgåve - Klikk for stort bileteArne Skogerbø (83) er fødd og oppvaksen i Årdal, men flytta ut som 18-åring og har levd det meste av livet i Sauda. Kunst har vore ein kjær hobby gjennom heile livet, saman med skriving. Han har måla mange bilde, for det meste av landskap, og han har gitt ut fleire bøker med dikt eller fortellingar frå oppveksten.

Kunstgåve - Klikk for stort bilete«Eg har blitt så gammal at eg ikkje orkar å reisa rundt og prøva å selja bilda mine like mykje som før. Sidan denne utstillinga heng rett nedanfor barndomsheimen min, følte eg det var rett å donera nokre bilde», fortel Skogerbø.

Kunstgåve - Klikk for stort bileteDermed blei Årdal skule og Årdal omsorgssenter inviterte til å plukka ut bilde blant dei største som hang på veggane på Høiland. Og dei var ikkje vanskelege å be.

Kunstgåve - Klikk for stort bilete«For ei fantastisk gåve. Det er ikkje ofte me får eit slikt tilbod», seier rektor Frank Bjørkhaug.

Kunstgåve - Klikk for stort bilete«Me blei veldig glade for dette. Det er nok av veggar på omsorgssenteret der me kan henga opp bilde», slår leiar ved Årdal omsorgssenter, Eli Nesvåg, fast.

Kunstgåve - Klikk for stort bileteDei plukka ut to bilde kvar. Bilda har ein salsverdi på 16.000 og 18.000 kroner, og den totale verdien av gåva er på rundt 70.000 kroner. Høiland Gard som har vore vertskap for utstillinga fekk også eit bilde som viser både gardshotellet og Arne Skogerbø sin barndomsheim på Skogarbø.

Kunstgåve - Klikk for stort bileteDet betyr at kunst for nærare 100.000 stod att i hans gamle heimbygd då kunstnaren hadde pakka ned utstillinga og reist heim til Sauda.

Kunstgåve - Klikk for stort biletePå bilda: Frank Bjørkhaug, Eli Nesvåg, Arne Skogerbø og hans medhjelpar Helge Valskår. Hunden veit me ikkje namnet på.