Manntal til offentleg ettersyn

For å kunne røyste ved kommunestyre- og fylkestingvalet 9. september, må du stå i manntalet. Dersom du gjer det, får du tilsendt valkort i løpet av sommaren. Manntalet for kommunen vert lagt ut til offentleg ettersyn i Vågastova/biblioteket i perioden 11. juli til og med valdagen. 

Dersom du meiner det er ein feil eller mangel i manntalet, kan du kreve å få dette retta. Du sender då ei skriftleg og grunngjeven klage til Hjelmeland kommune v/Valstyret, Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland eller til postmottak@hjelmeland.kommune.no. 

Meir informasjon om kven som har røysterett finn du på www.valg.no.