Me treng armar til vaksinene

Me har satt 4717 stk. koronavaksiner!! Men, me gjer oss ikkje enda! Folkehelseinstituttet (FHI) sender oss vaksiner og me treng armar å stikke - treng du vaksine? 

Me ber om at du bestiller time til 3. dose (eller 1. eller 2.), men hugs at det må gå 20 veker mellom dose 2 og 3. (Du får opp første moglege dato for 3. vaksinering i systemet for timebestilling.)

Alle som tok 2. dose 25. august eller 1. september oppfordrast til å bestille time 12. januar og 19. januar. 

Bestill time for vaksinering

Me har allereie fått tilsend vaksinene for desse to datoane i januar, og dersom me ikkje får nok påmeldingar vil dei gå til spille. 

Hugs at det også er mogleg å benytte "drop-in" for vaksinering. 

Dagar for vaksinering

  • 12. januar kl. 16-19 - Helsehuset
  • 19. januar kl. 13-17 - Idrettshallen