Meirope bibliotek

Måndag 18. oktober planlegg me å starta med meirope bibliotek på Hjelmeland. Det betyr at du som har lånekort kan få tilgong til biblioteket frå kl 10:00- 22:00 kvar dag, heile året.

For å få tilgong til meirope bibliotek må du akseptera brukarvilkåra som gjeld, anten ved å gå inn på lenkja nedanfor, eller ved å kome innom biblioteket for å signere brukaravtale.

Trykk her for å søkje om tilgang

PS! Tilbodet gjeld kun for personar over 18 år.