Melding om oppstart - Endring av reguleringsplan Solvang bustadfelt

Head Energy UP varslar oppstart av endring av reguleringsplan R166 Solvang bustadfelt på gnr 59 bnr 5 Hjelmeland.  

Endringa gjeld dei planlagde einebustadane framfor det etablerte leilegheitsbygget.  Omsøkt endring går i hovudsak ut på å reduserte tal einebustader frå 6 bustader til 4 bustader, og auke storleiken på desse noko.  Det er òg ønskje om å regulere inn køyreveg heilt ned til bustadane, slik at det blir parkering ved inngang.  I tillegg foreslår ein å endre føresegna for småbåthamna slik at denne kan etablerast som flytande betongelement i stadan for steinfylling.

Her finn de varslingsbrev med tilhøyrande plankart, føresegner og andre dokument

Innspel/merknad til planendringa kan sendast til:

Plankonsulent Head Energy UP AS v/Camilla Bø, Heiamyrå 19, 4031 Stavanger.
E-post camilla.bo@headenergy.no
Eventuelt med kopi til Hjelmeland kommune; postmottak@hjelmeland.kommune.no

Frist for innspel/merknad er 10. oktober 2022.