Mobilt pass- og ID-kontor

Det har vore veldig bra respons på dette tilbodet, og datoane er difor fullbooka allereie! Det kan hende det kjem fleire datoar, dette kjem me tilbake til så fort me veit meir!

Følg gjerne med på Politiet si heimeside for å sjå om nokon avbestiller.

Nå kan du få deg pass eller ID-kort i Hjelmelandvågen! Politiet kjem med sitt mobile passkontor og du bestiller tid som passar for deg. 

Passkontorer kjem desse onsdagane

  • 6. oktober 
  • 24. november 
  • 9. februar
  • 30. mars

Bestill time.

Før du møter opp må du lese denne hugselista.