Nasjonal tilskotsordning - inkludera barn og unge

Målet med tilskotsordninga er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom. Ordninga skal vere eit verkemiddel for å betre sjansane for at fleire barn og unge skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldras inntekt eller sosiale situasjon. 

Offentlege instansar, private aktørar og frivillige organisasjonar kan søke om midlar. Det søkast om tilskot gjennom Bufdirs søknadsportal.

Søknadsfristen for tilskotsåret 2021 er 4. desember 2020.

Regelverket og søknadsskjema finn du på tilskotsordninga si nettside.

Kontaktperson for tilskotsordninga her hos oss er Åsmund Sigmundstad tlf. 404 39 155.

Åsmund Sigmundstad
Dagleg leiar Frivilligsentralen
E-post
Telefon 404 39 155