Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom

Kommunen har fått kr. 80.000 etter søknad til nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom i år. Midlane skal gå til supplering av utstyr til utstyrsbanken og aktivitetsdagar for barn og ungdom i sommar- og haustferie.

Søknaden er utvikla ved godt tverretatleg lokalt samarbeid mellom NAV, barnevern, helsestasjon, flyktningtenesta, SLT- og folkehelsekoordinator og frivilligsentralen. Me skal samarbeida med frivillige organisasjonar når det gjeld supplering av utstyr til utstysbanken og gjennomføring av aktivitetsdagar.

Fleire barn får delta gjennom tilskot mot barnefattigdom.