Nasjonal tilskotsordning

Målet med tilskotsordninga er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom. Ordninga skal vere eit verkemiddel for å betre sjansane for at fleire barn og unge skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldras inntekt eller sosiale situasjon. 

Offentlege instansar, private aktørar og frivillige organisasjonar kan søkje om midlar. Det søkast om tilskot gjennom Bufdirs søknadsportal. Søknadsfristen for tilskotsåret 2020 er 13. desember 2019.

Regelverket og søknadsskjema finn du på tilskotsordninga si nettside.

Kontaktperson for tilskotsordninga i Hjelmeland er Åsmund Sigmundstad tlf. 404 39 155.

Åsmund Sigmundstad
Dagleg leiar Frivilligsentralen
E-post
Telefon 404 39 155