Ny Kommuneplan 2019-2031

Kommunestyret har vedtatt Kommuneplan Hjelmeland 2019-2031 - Samfunnsdel og Arealdel.

Klikk for stort bilete

Samfunnsdelen gir føringar for korleis me ønsker at lokalsamfunnutviklinga skal vere dei neste 12 åra. Arealdelen er ein juridisk bindande plan som avklarer bruk og vern av areala våre, og gjeld både sjø og land.

Kommuneplanen gjeld for heile kommunen, inkludert Hjelmeland sentrum.

Les dokumenta kommuneplanen består av.

Kommuneplanen er heimla i plan-og bygningslova kapittel 11, og det er ikkje klagerett på kommuneplanvedtaket.

Planen er blitt til gjennom ein lang og brei medverknadsprosess med folkemøter, politiske behandlingar, spørjeundersøkingar, konsulentbistand og høyringar. Takk til alle innbyggjarar, bygdaråd/frivillige lag, næringsdrivande, sektormyndigheiter med fleire som har medverka med innspel og konstruktiv dialog.