Nytt smittetilfelle

To menn i 40-åra og ein mann i 50-åra busett i Hjelmeland er stadfesta smitta med koronavirus i dag. I det eine tilfellet er det kjend smitteveg frå utanfor kommunen, medan to av tilfella er relatert til kvarandre og ein har ukjend smitteveg. Dei smitta vert følgt opp av lokalt helsepersonell. Nærkontaktar er informerte og følger gjeldande retningslinjer. 

Aukande smitte regionalt

Det er stadig aukande smitte regionalt, nasjonalt og globalt, og me vil gjerne nytte anledninga til å minne på kor viktig immunitet frå vaksiner er for å redusera både antall smitta og alvorleg sjukdom.

Vaksinering

Du kan bestille time for vaksinering anten det er di første eller andre vaksine, eller det er di tredje vaksine og du fyller kriteriene for dette.

Bestill tid for vaksinering.

Testing ved nyoppstått luftvegssymptom

Hugs også å halde deg heime og teste deg ved nyoppstått forkjølelse eller luftvegssymptomer, anten med gratis sjølvtest eller på legekontoret.