Ope Hjelmeland i januar

Vil du være med å halde Hjelmeland opent i januar 2020? Me vil gjerne være eit godt vertskap for alle som ønsker å besøke Hjelmeland etter at Ryfast er opna. Mange vil nytta perioden med gratis passering til å prøve tunnelen, og me håpar at mange vil fortsette helgeturen vidare inn i Ryfylke. Me vil difor invitera dykk til å bidra med spennande helgeaktivitetar og -opplevingar i januar 2020!

Alle som vil kan delta!

Me ønsker å vise fram mangfaldet i Hjelmeland og vil difor invitera fast- og fritidsbuande, frivillige, foreiningar og lag, bygderåda, matprodusentar og næringslivet til å bidra. Me tenker oss opne gardar, matopplevingar med sal av lokale produkt, bedriftsbesøk og turar i dei ulike bygdene med guide. I tillegg kunne me tenke oss eit tilbod med transport til vanns og til lands (hopp-på-hopp-av) slik at besøkande kan parkera på ein stad og flytta seg med felles transport til neste stad.

Kommunehuset vil naturlegvis være ope, slik at dei besøkande kan gjere seg kjent med den flotte kommunestyresalen, «Det Grøne Rommet» og huset sine andre fasilitetar.

Har du lyst å bidra?

Ta kontakt med Jan S. Grimstad, som er prosjektleiar for "Hjelmeland naturlegvis!"

  • på telefon 404 39 012
  • eller e-post jan.sverre.grimstad@hjelmeland.kommune.no