Oppstart av KiD-kurs

Oppstart av KiD-kurs

På nyåret startar me opp ein ny runde med KiD-kurs. KiD er eit psykoedukativt opplegg for depresjonsmeistring som bygger på kognitiv teori. Det er ikkje gruppeterapi og ein treng ikkje dele frå eiget liv fordi om ein deltek på kurs. Du blir ikkje peika ut til å snakke, du er rett og slett på kurs, litt som på jobben.

Nokre vanlege teikn på depresjon:

  • Ein er nedstemt
  • Tap av glede
  • Tap av energi
  • Mindre kontakt med andre
  • Tanker om skuld og ein ikkje er verdifull
  • Søvnproblem
  • Grubling
  • Konsentrasjonsvanskar

Målet med kurset: 

  • Forkorta varighet av depresjon
  • Redusera intensiteten av symptom på depresjon 
  • Gjenvinne funksjon
  • Forebygge nye episodar med depresjon 

Oppstart og påmelding

Me må ha bindande påmelding og ein kartleggingsamtale på førehand. 

Ta kontakt med 

  • Ann Mari Velde på tlf. 404 39 087 eller 
  • Yvonne Olsen Fosse på tlf. 404 39 074 

for meir informasjon og påmelding. 

Påmelding innan 3. januar 2024. Me kjem tilbake til lokasjon. 

Me startar opp måndag 8. januar 2024 klokka 13-15.30. 

Resten av datoane er

  • 15. januar
  • 22. januar
  • 29. januar
  • 5. februar 
  • 12. februar
  • 19. februar
  • 26. februar
  • 25. mars
  • 6. mai