Oppstart av reulgeringsarbeid - R181 Gangveg mellom hotellbygget og Prestøyra

På bakgrunn av  kommuneplan 2019 og vedtak i formannskapet sak 80/20, vert det sett i gong arbeid med ny reguleringsplan R181 Gangveg mellom Vågavegen og Prestøyra - via Klokkarbakken, dvs på baksida av hotellet på Hjelmeland.

Klikk for stort bilete 

Målet med planarbeidet er å få ei betre samanbinding for gåande og syklande mellom skuleområdet og sentrum.
Kartskissa viser førebels avgrensing av planområdet.  Planområdet kan bli meir avgrensa når ein veit sikkert kor gangvegen skal gå.

Gjeldande reguleringsplanar for området er R44 Prestøyra og R40 Hotel Velvære. Desse kan bli erstatta av ny plan for akkurat den del gangvegen gjeld.

Grunneigarar og naboar er særskilt varsla. 

Innspel sender du til postmottak@hjelmeland.kommune.no , eller via elektronisk skjema eller pr post: 
Hjelmeland kommune, Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland

innan 21. desember 2020. 

 

Plan-og forvaltning