Oppstart sti og løypeplan

Formannskapet vedtok 25. august 2020 å starta opp arbeid med sti og løypeplan for heile kommunen under eitt, i staden for ferdigstilling av Vormedalsheia fyrst. 

Desse føringane er gitt: 

  • Aktuelle brukargrupper skal involverast. Planen får status som ein temaplan, dvs. ikkje juridisk bindande. 
  • Arbeidet skal i hovudsak konsentrerast om merka turruter. Ein skal også sjå på sykkelløyper.
  • Mål for arbeidet er å legga til rette for god sameksistens for ulike interesser, og å fremma friluftsliv. 

Frist for innspel ved oppstart vert sett til 15. oktober 2020.