Ordning med 12 timar gratis SFO for elevar i 1. klasse

I statsbudsjettet for 2022 blei det vedteke å innføra ei ordning med 12 timar gratis SFO for alle elevar i 1. klasse frå skuleåret 2022/2023. Nye forskrifter i tråd med den nye ordninga er nå på høyring, med frist 29. april. når høyringsrunda er over og Stortinget har fatta endeleg vedtak, vil de få vidare informasjon om korleis tilbodet vert organisert i vår kommune. 

Høyringa finn du på Utdanningsdirektoratet si heimeside

Kva skal de gjera nå? 

  • De som har søkt om SFO-plass og svart på tilbodsbrevet, treng foreløpig ikkje å gjera noko, i og med at me ikkje veit korleis det skal verte organisert enno. 
  • De som har søkt på SFO, men enno ikkje svart på tilbod om plass, vil me gjerne at svarar snarleg. Tilbodsbrevet skal ha kome til ein av foreldra/føresette si digitale postkasse, med informasjon om korleis de skal svare. Når de takkar ja til plass vil me få dykk inn i det administrative systemet vårt.  
  • Sjølve opphaldstida kan du endre på seinare, men dette kan venta til me veit meir om korleis organiseringa blir. 
  • De som ikkje har søkt om SFO-plass, men likevel ønsker plass kan søke om det

Spørsmål?

Ta kontakt med SFO-leiar eller rektor ved den aktuelle skulen om de har spørsmål.