Påmelding - fellestur til Umami Arena
Bli med på felles tur til Umami Arena 2023 - ein møteplass for mat- og måltidsbransjen. Me har, i samarbeid med Hjelmeland bondelag, Hjelmeland bonde- og småbrukarlag, Rogaland frukt- og bærdyrkarlag, starta opp eit lokalmat- og reiselivsprosjekt.
Målet for prosjektet er å auke verdiskapinga i landbruket, og å nytte mat- og drikkeproduksjonen i kommunen som eit fortrinn for serveringsbedrifter og andre reiselivsbedrifter. I tillegg skape næringsutvikling i samarbeidet mellom desse næringane.
Som ein del av dette prosjektet inviterar me til ei felles reise til det dei sjølv kallar «den største og viktigaste møteplassen for mat- og måltidsbransjen.
Lær meir om messa Umami - kraften til å ta Norge videre.
Program
Torsdag 16. februar
- 07:30 Avreise med fly frå Stavanger lufthavn, Sola
- 08:25 Ankomst Gardermoen – vidare til hotellet og messa.
- 10:00 – 16:00 Dagen til fri disposisjon på messa
- 18:00 – Felles middag på hotellet
Fredag 17. februar
- 10:00 Avreise til messa
- 16: 00 Messa er slutt – avreise til Gardermoen
- 19:10 Fly frå Gardermoen til Sola
Begge dagane vil det vera mulighet for å delta på kortare kurs/seminar – sjå program.
Påmelding
Me har plass til 15 personar på turen, og det er «første mann til mølla». Atterhald om at me må vera min. 10 stk. for at turen blir gjennomført.
Me bur på Thon hotell Arena som ligg ved messeområdet.
Eigenandel blir kr. 2500 som inkluderar flybillett, hotellovernatting (inkl. middag torsdag og frokost fredag).
Deltakarane må kjøpa billett til messa sjølv på Buy Ticket.
Påmelding innan 26. januar til postmottak@hjelmeland.kommune.no eller tlf. 404 39 123
Spørsmål?
Ta kontakt med Torborg på tlf. 404 39 123
Publisert 23.01.2023 13.18
Sist endra 23.01.2023 13.20