Parkslirekne - uønska plante

Rolv Hjelmstad Rundt om i kommunen vår finn me ein del av planten parkslirekne (Reynoutria japonica). Planten blei innført til Noreg som hageplante, men har blitt forvilla og er nå ein av dei mest plagsame hagerømlingane.
Den er oppført på Norsk framandartsliste, og det er viktig at me gjer det me kan for å hindra at den spreier seg ennå meir. Berre bitte små bitar av stengelen kan spira å danna nye planter. Mange av førekomstane av denne planten er på privat eigedom. Mange trur at dei ikkje kan eller har lov til å bekjempa planten sjølv, men det har ein sjølvsagt lov til! Og det er viktig at alle som kan gjer ein innsats for å bekjempa denne brysomme inntrengjaren.

Les meir om planten, korleis du kan hindra spreiing og korleis den kan bekjempast.

OBS! Det er svært viktig at du ikkje flyttar det du har kappa ned, og anna avfall frå denne planten, eller jordmassar med røter frå planten! Sjekk i lenka ovanfor korleis du kan handtera avfallet!

Kommunen sine folk på bygg- og anlegg prøver så langt ein har kapasitet å bekjempa denne planten på kommunen sine eigne areal. Dei som har ansvar for fylkes- og riksvegar gjer også tiltak for å bekjempa planten langs vegane.

Me har ikkje kapasitet til å hjelpe til med bekjempinga av planten på privat eigedom. Me oppfordrart difor alle som har denne planten på sin eigedom om å gjera ein innsats for å bli kvitt den.

Har du spørsmål – ta kontakt med Torborg Kleppa, tlf. 404 39 123.