Påvist tilfelle av koronavirus

Onsdag 19. august vart det påvist koronasmitte hjå ein person som oppheld seg i Hjelmeland kommune. Dette er første gong smitte er påvist her. Personen er gjestearbeidar frå eit EØS-land som per i dag er “raudt” og vart testa rutinemessig ved ankomst til Noreg medan vedkommande var i karantene. Personen har ingen symptom på covid-19.

Me starta straks, i samarbeid med arbeidsgjevar, smittesporing og kartlegging av nærkontaktar. Vedkommande er isolert og vil bli følgt opp av helsepersonell dagleg. Alle nærkontaktar som er spora er i karantene.

Me følger utviklinga på koronapandemien tett, og beredskapsleiinga har jamnlege møte. Me følger fortløpande opp nasjonale vedtak og tilrådingar.

Dette er ei god påminning til alle innbyggarane om å hugse å følge råda frå sentrale helsemyndigheiter:

  • Hald avstand (minst ein meter)
  • Vask hender
  • Test deg og hald deg heime om du får symptom på luftvegsinfeksjon (snue, sår hals, hoste, feber, tung pust, tap av smak- og luktesans) eller dersom du har blitt utsatt for smitte som nærkontakt eller ved reiser

Bjarte Sørensen,
kommuneoverlege og smittevernlege
Tlf. 464 64 700