Pneumokokkvaksine

Folkehelseinstituttet (FHI) tilrår  pneumokokkvaksine til alle som er 65 år eller eldre. Me vil tilby denne vaksina gratis nå i sommar grunna utløpsdato på vår lagerbeholdning. Dette gjeld deg som ikkje har tatt den tidlegare eller dersom det har gått 10 år sidan sist pneumokokkvaksine. 

Du kan koma innom Hjelmeland legekontor mellom kl. 09:00-11:30 eller kl. 13:00-15:00 måndag til fredag.

Ta kontakt i luka. Det blir nok noko venting før og etter vaksina, set derfor gjerne av ein time.

Les meir om vaksina på FHI sine nettsider.