Pressemelding: Fleire koronasmitta

Etter utbrotet med fire polske gjestearbeidarar med positiv prøve for SARS-CoV-2 mandag denne veka, vart ni kollegaer satt i karantene. Fredag 30. oktober testa tre av desse positivt. Dei vart satt i isolasjon fredag kveld og følgt opp av helsepersonell. Då dei allereie var i karantene, har det ikkje ført til at fleire vert definerte som nærkontaktar.

Ein annan innbyggar i kommunen testa også positivt fredag. Kommuneoverlegen har kontakta FHI og ein har funne at det er ein moglegheit for eit teknisk problem i samband med denne prøven. Me arbeider laurdag med å verifisere prøven og me vil sannsynlegvis ha svar i løpet av laurdag kveld. I mellomtida vert prøven rekna som positiv og alle nærkontaktar er kontakta og i karantene.