Pressemelding: Påvist koronavirus

Måndag 26. oktober fekk fire personar med opphald i Hjelmeland kommune påvist koronavirus. Ein femte person har ei usikker prøve. Alle fem er gjestearbeidarar frå Polen som jobbar for HAK entreprenør AS på ferjekaianlegga som Statens vegvesen har under ombygging. Dei fem er no i isolasjon, ein av dei fem har lette symptom. 

Smittesporingsarbeidet tok til måndag kveld, umiddelbart etter melding om positive prøver frå SUS. Alle nærkontaktar er kontakta og i karantene. Både dei smitta og nærkontakter har vore i karantene sidan ankomst søndag kveld. 

I samarbeid med arbeidsgjevar og FHI har kommuneoverlegen tilrådd ein dags stans på byggestaden, medan ein kvalitetssikrar smittesporinga. Alle på arbeidsstaden får tilbod om test.

Kommunen vil understreke at me har eit veldig godt samarbeid med arbeidsgjevar i denne konkrete situasjonen, noko som og har vore tilfelle gjennom heile pandemien.