Pressemelding: Positiv koronatest

Ein person i lokalbefolkninga som testa positivt fredag 30. oktober, vart testa på ny laurdag 31. oktober. Denne kontrollprøven viste også at personen har koronavirus. Det er få nærkontaktar til pasienten, men dei er sett i karantene etter gjeldande forskrifter og blir testa fortløpande.

Personen som er smitta har ikkje blitt eksponert for kjende tilfelle av Covid-19, så det dreier seg om såkalla "villsmitte".

Dette er ei påminning om at viruset ikkje tek omsyn til grenser, nasjonalitetar, kjønn eller alder og me vil be alle om å fortsatt ta gjeldande råd, retningslinjer og reglar på alvor. Dette gjeld sjølv i vår region der me til no har hatt lite smitte.

No som smittesituasjonen har kome meir inn på livet vårt veit me at nokon vil oppleve situasjonen særs vanskeleg. Derfor må me være ekstra rause med kvarandre. Sjå gjerne rundt deg om det er nokon som treng ei hjelpande hand eller kanskje berre eit smil.

Vennleg helsing Bjarte Sørensen, kommuneoverlege, og beredskapsleiinga i Hjelmeland kommune.