Prosjekt: "Jobbvinner"

I samarbeid med Universitet i Stavanger (UiS) og KS er me med i prosjektet «Jobbvinner». Formålet med prosjektet er økt rekruttering av og fokus på å behalde helsefagarbeidarar og sjukepleiarar til dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Me skal vere ein god læringsarena for lærlingar, studentar, helsefagarbeidarar og sjukepleiarar.
 
 

Prosjektet er i hovudsak organisert som ulike piloter rundt om i landet. Les meir om prosjektet.

Delprosjekt Rogaland som Hjelmeland er del av har fokus på sjukepleiarstudentar i heimetenesta. Fokuset er på organisasjon og leiing, og samarbeid med utdanningsinstitusjonane om kvalitet i praksis for sjukepleiarstudentar.

Prosjektet varer frå september 2019 til utgangen av 2020.